25
Okt
11

Malakoff 2012 presenterer: Eye Emma Jedi (NO/UK) og Carnival Kids (NO/UK)

Torsdag 17. november i Gymmen

Dette vert ein av dei mest spennande konsertkveldane som vi har hatt i Gymmen Scene. Vi presenterer to band som verkeleg vil vise seg fram på dei norske og internasjonale konsertscenene i tida framover. Ta turen innom Gymmen på torsdag 17. november og få ei kjempeflott konsertoppleving.

Dørene opnar kl 20.30, Carnival Kids kl 21:00-21:30, Eye Emma Jedi kl 22:00-23:00

Billettpris: 120 kr (+ 5 kr avgift) Kjøp billettar på www.operahuset.no

15 års aldersgrense, eige barområde til dei over 18 år

EYE EMMA JEDI

”Akkurat no framstår dei som det desidert største og mest lovande bandet av sitt slag her i landet” – Sitat frå NRK Lydverket etter Eye Emma Jedi sin fullstappa suksesskonsert på Øyafestivalen 2011.

Eye Emma Jedi har gjort alt annleis. Utan å ha spelt ein einaste konsert fekk dei platekontrakt, bookingavtale, sponsorar (Vans/Quicksilver) og sine to første konsertar på sjølvaste Malakoff Rockfestival og Øyafestivalen – to festivalar som for fyrste gong booka eit band utan å ha sett eller høyrt dei live. NRK Lydverket var først ut med å presentere Eye Emma Jedi, og ryktene fortel at dei aldri har fått så mykje tilbakemeldingar på ein artist. Deira første single ”Crucified” gjekk rett inn på B-lista på P3, fulgt opp av den store hit’en ”Lights” i mars, som blei A-lista og vart spelt på P3 med svært god rotasjon gjennom heile sommaren. Saman med denne låta kom også eit populært musikkvideospel. Både Nasjonalgalleriet (NRK) og VGTV fatta interesse for spelet som til no har vore spelt av fleire tusen på nett. (www.eyeemmajedi.com)

Eye Emma Jedi spelar kun eit knippe konsertar i Noreg før jul, og kan skryte av to utselde konsertar i Trondheim og eit kokande Mono i Oslo tidligare i haust. Etter konserten i Eid går turen vidare til Bergen og Stavanger, og den svært etterlengta EP’en kjem i starten av 2012. Om ein skal tru på jungeltelegrafen så er ein ny singel med svært høg allsangfaktor rett rundt hjørnet også… Gled dykk!
Sjekk ut EEJ på Facebook

Kveldens support: CARNIVAL KIDS

Carnival Kids er ein fusjon av norske og britiske krefter som saman er med på å skape urokkelig dynamikk, komplekse rytmar og himmelske melodiar med en god dose hardcore raseri. Då Jethro Fox, Eric Molumby, Andreas Westhagen og John Stark traff kvarandre i Liverpool hausten 2010 ble resultatet Carnival Kids. Dei har alt gjeve ut to EPer, fulle av gnistrande rock&roll. Carnival Kids har klart å lage ei kompromisslaus blanding av endelause riff knytt saman av en rytmeseksjon som er både metronomisk og fengande.
Sjekk ut CK på Facebook

22
Sep
11

“Blest ein Brak-suksess”

(Artikkel i Fjordabladet tysdag 20. september, av Maria Hjelle)

Både arrangørar og delegatar var svært nøgde med Blest, den første musikkbransjetreffen i Sogn og Fjordane.

I helga har over hundre artistar, produsentar og arrangørar frå musikkbransjen i Sogn og Fjordane vore samla til Blest i Operahuset og Gymmen. Brak og Malakoff Rockfestival sto bak arrangementet, som var det første i sitt slag i fylket. Dei konkluderer med at bransjetreffen var ein suksess.

FORNØGDE ARRANGØRAR: Frå venstre Malakoff-general Arnt-Ivar Naustdal, Operahussjef Geir Holmen, dagleg leiar i Brak Jørgen Skauge, prosjektleiar for Brak i Sogn og Fjordane Stig Ese Eliassen og informasjonskonsulent i Brak Martin Kvam. (Foto: Maria Hjelle, Fjordabladet)

– Vi skulle skape ein møteplass for musikkbransjen i fylket, og det har vi gjort. Det vi såg var at veldig mange av aktørane i Sogn og Fjordane til dømes ikkje reiste til by:Larm. Dei er ikkje van med å dra på den slags møteplassar, og dermed var vi veldig spente på dette. Men det har gått over all forventning, meiner daglig leiar i Brak, Jørgen Skauge.

  – Det er over hundre delegatar, og alle delar av bransjen er godt representert, både artistar, produsentar og arrangørar. Folk har vore veldig positive i tilbakemeldingane. Det vi får høyre er at dette er eit smart arrangement, ein bra greie, ein god idé. Det vi seier til dei, er at vi skaffar møteplassen, men innhaldet er det dei sjølve som bestemmer. Og det verkar som om  folk spelar på lag. Vi høyrer at folk snakkar saman, at det er nye konstellasjonar på gong, seier prosjektleiar for Brak i Sogn og Fjordane Stig Ese Eliassen.

Meir samarbeid
Malakoff-general Arnt-Ivar Naustdal er einig med medarrangør Brak om at det er bransjen sjølv som må ta tak i mogelegheitene.

  – Dette er eit kjempebra og viktig initiativ i forhold til å ta tak i dei utfordringane som ein har i det geografisk splitta fylket vårt. Men ein må ta tak i ting sjølv, også. Ein kan ikkje sitje på gjerdet og klage over at det er så vanskeleg å få noko til. Du kan ikkje forvente å kome til duk og dekka bord, det fungerer ikkje slik. Som artist må du gjere ein jobb sjølv, og vise at du har litt engasjement. Når det er sagt, så kunne vi arrangørar gjerne samarbeide i større grad, og koordinere slik at det blir lettare å legge opp turnear. Det håpar eg vi kan få til etter dette, seier Naustdal.

I tillegg til konsertar i Gymmen, har Blest hatt Masterclass Studio for teknikarar og produsentar, og ei rekkje føredrag og seminar. På programmet var mellom anna profilbygging, digital distribusjon, søknadsskriving og sosiale medier, alle tema mynta på artistane. Beskjeden til artistane er eintydig. Dei må ta meir ansvar for eigen karriere.

Alle seminarhaldarane roste Brak og Malakoff for initiativet og gjennomføringa av Blest, og det var stor semje om at dette er eit arrangement for framtida. Brak stadfester at dei planlegg eit nytt treff neste år.

  – Dette vil vi absolutt gjenta. Det er ikkje avgjort om vi skal arrangere på same staden eller flytte på det, men det er definitivt noko vi skal gjere igjen, fastslår Jørgen Skauge.

 – Flott sjanse

Arvandor var blant artistane som var med på Blest. Dei er ikkje i tvil om kva dei meiner om initiativet. – Eit supert arrangement, og ein flott sjanse for bandet vårt, fastslår jentene.

Marianne Rønneseth, Irmelin Fimreite, Kristianne Gimmestad Gule og Anette Lekva frå Sogn og Sandane utgjer gruppa Arvandor, som spelte på Blest fredag. Dei vil gjerne spele fleire konsertar, og draumen er å gje ut plate.

  – Har de som artistar hatt utbytte av Blest?
  – Ja, absolutt. Vi har ikkje fått handfaste avtaler, men vi har knytt litt kontaktar og blitt meir kjent med folk i miljøet, og det er veldig positivt. Vi har vel fått litt meir oversikt over kva som fins av mogelegheiter, meiner Kristianne.

  – Det har vore veldig kjekt å få høve til å gå på seminar og lære meir om dette, og ikkje minst sjå og treffe andre i bransjen. Vi kryssar fingrane for at det held fram og blir tradisjon, seier Marianne.

  – Program og opplegg var veldig bra, og det er ein bra måte å skaffe seg kontaktar på, fastslår Anette.

– Konserten var sjølvsagt eit høgdepunkt. Det var så kjekt, og publikum var skikkeleg med. Det er så kjekt å få respons, seier Kristianne, og får støtte frå resten av bandet.

Styling og foto

BANDFOTO: Anette Lekva , Marianne Rønneseth, Kristianne Gimmestad Gule og Irmelin Fimreite i Arvandor tok med glede imot Blest-tilbodet om bandfoto, og poserte villig for Tommy Bredesen og Øystein Torheim. (Foto: Maria Hjelle, Fjordabladet)

Alle artistane som spelte på Blest fekk tilbod om styling og proff fotografering. Dei fleste takka ja, også dei fire jentene i Arvandor. Dei kledde seg opp og var velvillig med på alt fotografane føreslo.

  – Det var eit fantastisk tilbod. Kjempebra opplegg, med sminke og hår og full pakke. Eg har aldri blitt sminka før, så dette var artig, smiler Anette.   – Flott å ha skikkelige bilete å sende ut til presse, òg, meiner Kristianne.

  – Vil de kome tilbake dersom det blir Blest neste år?
  – Ja, absolutt! svarar Irmelin raskt.
  – Vi er vel einige om a vi vil søke igjen til neste år, ja, seier Marianne.
  – Og vi håpar vi får mange spelejobbar i mellomtida , smiler Anette.

20
Sep
11

“Rockejentene sin dag i rampelyset”

Arvandor. Foto: Geir Bjarte Hjetland/NRK

Jentene i gruppa Arvandor fekk verkeleg si helg i rampelyset. Først heftig konsert, så dagen derpå med styling og fotosession. Dette gav meirsmak for jentene som no satsar hardt på musikken. 

Arvandor var eit av åtte band som var plukka ut til å spele på det store musikkbransjetreffet Blest på Nordfjordeid i helga.

Dei var eit av dei første banda som fekk spele på scena i Gymmen fredag kveld, og med sin heilt særeigne stil imponerte dei publikum stort.

Les meir om Blest på NRK Sogn og Fjordane.

17
Sep
11

“Full storm frå Blest i helga”

Foto: Geir Bjarte Hjetland/NRK

120 personar er i helga samla til Blest på Nordfjordeid. Seminar, konsertar og fest står på programmet.

Blest er Brak si største satsing i Sogn og Fjordane, og er staden der ein kan ta pulsen på musikkmiljøet i fylket.

Klikk her for å sjå bilete og lese sak om Blest på NRK Sogn og Fjordane.

12
Sep
11

Blest: To konsertar, åtte band

Konsert i Gymmen fredag 16. september:
Kl 20.00: Dørene opnar
Kl 21.00: The Last Province
Kl 22.00: Drusar (tidlegare Impedansebande)
Kl 23.00: Arvandor
Kl 24.00: Samora

Konsert i Gymmen laurdag 17. september:
Kl 20.00: Dørene opnar
Kl 21.00: Iselin Løken Solheim
Kl 22.00: Punch
Kl 23.00: Spitfire
Kl 24.00: Nifrost

Konsertprisar:
Ordinær: 150 kr for ein dag, 250 kr for todagarspass (begge konsertane).
Studentar/Kulturkortet/skuleelevar: 100 kr for ein dag, 150 kr for todagarspass

Klikk her for å kjøpe billettar og meir info.

 

19
Aug
11

Torsdag kveld i Gymmen

Torsdag 25. august opnar ein møteplass for ungdommar frå 9. klasse og oppover i Gymmen.

Det blir ope kvar torsdag frå kl 19.00 til 22.00.

Tilbod: Biljard, wifi, film og ulike aktivitetar. Trommer, mikrofon og gitar blir gjort klare til bruk.

Arrangementet er sjølvsagt rusfritt.

Vi håpar mange vil kome slik at tilbodet blir bra!

18
Aug
11

Blest i Gymmen 16. – 18. september

Meld deg på ved å senda ein e-post til: blest@brak.no

Arrangøren Brak har gleda av å ynskja deg velkommen til Blest, den største møteplassen for musikkmiljøet i Sogn og Fjordane. Møt likesinna, skaff deg fleire kontaktar, promoter deg sjølv, få nye kundar, lær meir om musikkbransjen, skaff deg fleire spelejobbar. Moglegheitene er mange! Me håpar Blest kan verte ein døropnar og eit knutepunkt for artistar, arrangørar og andre aktørar i musikkmiljøet i fylket. Blest vert ei helg spekka med konsertar, seminar, workshops og sjølvsagt fest.

Både fredag og laurdag kveld er det duka for konsertar på Gymmen Scene. Åtte dei mest lovande banda Sogn og Fjordane har å by på er plukka ut til å spele på Blest:

Fredag 16. september:
The Last Province   Drusar (tidlegare Impedansebande)  Arvandor    Samora

Laurdag 17. september:
Iselin Løken Solheim    Punch   Spitfire    Nifrost

Konsertprisar: Om du er delegat på Blest har du gratis inngang på konsertane, for publikum er prisane 150,- for ein dag, og 250,- for todagarspass. For studentar og dei under 18 år kostar det 100,- for ein dag og 150,- for todagarspass.

På dagtid laurdag 17.09 vert det seminar for artistar, arrangørar og bransje, med bl.a. fokus på digital distribusjon, internasjonal booking, promotering via sosiale media, søknadsskriving, profilbygging og meir. Me har invitert samtlege arrangørar frå Hordaland og Sogn og Fjordane med mål om å setja fokus på utfordringane deira, og samle dei til ein felles møteplass. I tillegg vert det workshops med en studio masterclass for produsentar og tilbod om styling og foto session for band.** På Blest har du moglegheit til å profilera deg eller bandet ditt. Ein kan møta plateselskap som Karisma Records/Dark Essence, YAP, Phonofile og arrangørar som til dømes Malakoff rock festival, Meieriet, Utkant, Målrock, Losten, Gymmen, Bygdalarm for å nemna nokon. I tillegg har ein moglegheit til å møta artistar frå heile fylket, knyta kontaktar og kanskje leggja turneplanar eller andre samarbeidsplanar på sikt?

PROGRAM DAGTID LAURDAG

For artistar
- Kurs i promotering via sosiale medier (Håkon Njøten)
- Kurs i digital distribusjon med Trond Tornes (Phonofile)
- Profilbygging/«hvordan er jeg på scenen» med Torkjell Rød (Audrey Horne)
- Kurs i søknadskriving (Frøydis Moberg)

For arrangørar
- Profilbygging og internasjonal booking (Toffen Gunnulfsen, bookingsjef på Hovefestivalen)
- Sikkerheitsseminar angåande den nye vaktlova (Norsk Rockforbund)
- Kurs i søknadskriving (Frøydis Moberg)
- Det vert og lagt opp til ei felles samling for å diskutera arrangørforholda i Hordaland og Sogn og Fjordane.

**Blest tilbyr og
- Masterclass i studioproduksjon (TBA)
- Photoshoot for band (z-photostudio)
Desse har begrensa plassar og tek heile laurdagen. Eigen påmelding på enten Photoshoot for band eller Masterclass studio skal sendast til blest@brak.no.

PROGRAM KVELDSTID FREDAG OG LAURDAG
Det vert konsertar og fest i Gymmen begge kveldane med vorspiel og nachspiel på Blesthotellet! 8 up and coming artistar skal plukkast ut til å spele på Blest. Desse banda er plukka ut til no DRUSAR (tidlegare Impedansebande) (Førde), NIFROST (Jølster) og SPITFIRE (Førde)

PRISAR: Full pakke: 1 900,-* Prisen inkluderar delegatpass med tilgang på konsertar og seminar. To netter overnatting på Blest-hotellet i dobbeltrom inklusiv frukost. Lunsj og middag på laurdag. Delegatpass: 750,- Prisen inkluderar delegatpass med tilgang på konsertar og seminar.

*Opphold på Blest-hotellet: Heile Bryggen Hotel er leigd for å husa musikkmiljøet denne helga. Her er det lagt opp til felles lunsj og middag, samt vorspiel og nachspiel før og etter konsertane.

Meld deg på ved å senda ein e-post til: blest@brak.no

03
Aug
11

Plateinnspeling, konsert og liveinnspeling med Lothe

Konsert med liveinnspeling i Gymmen laurdag 13. august kl 18.00

Foto: Øystein Torheim

I løpet av ei hektisk veke skal bandet LOTHE med Odd-Erik Lothe i spissen spele inn eit nytt album og halde ein konsert som også skal resultere i eit liveopptak. For dei som har eit forhold til Fabel sin musikk, vil konserten vere eit gjenhøyr med dei fleste av Fabel sine mest kjende songar; altså melodiøs visepop med sjel på nordfjordmål. I tillegg blir det nye albumet presentert i sin heilskap for aller fyrste gong.

Forutan faste medlemmer av bandet, vil også dei fleste av musikarane frå plateinnspelinga dukke opp på konserten. Om du var ein av dei som såg bandet under Lutt sin julekonsert, vil du kunne dra kjensel på blåsegruppa “Stjerneklang” frå Kjølsdalen musikklag. Også andre lokale profilar som songar Hege Kristin Lillestøl og bratsjist Olga Pavlova må nemnast. Her er det dessutan rom for overraskingar!

Fotograf Øystein Torheim vil dokumentere innspelinga. Bileta vil bli viste under konserten som ein visuell stemningskapar til musikken.

LOTHE er:
Odd-Erik Lothe – Song og gitar
Torbjørn Ellingsen – Tangentar og kor
Halvor Folgerø – Bass
Ståle Søndrål Wick – Gitar
Tor Bjarne Bjelland – Trommer
Jan Erik Reknes – Trompet og kor

22
Jul
11

Malakoff Rockfestival opna med kickoff i Gymmen

Konsert med Razika og Heroes & Zeros var kickoff for årets Malakoff Rockfestival.

Klikk her for å sjå bilete frå konserten, på Malakoff sine sider (foto: Svein Nesbakk)

11
Mai
11

Kickoffkonsert i Gymmen – Malakoff Rockfestival

 Torsdag 21. juli kl 20.30

18 års aldersgrense. Billettpris 165 kr (+ 5 kr avg). Klikk her for å kjøpe billettar.

HEROES & ZEROES
Rock
Bandet har på 4 år opplevd å nå langt på kort tid med både urørt og zoomtittel i 2006 samt speling på store festivalar i inn og utland. Grunnen er rett og slett så enkelt og samtidig så vanskeleg som eit sjeldan talent for å skrive klassiske rockelåtar, gjere lovpriste konsertar og arbeide hardt. Med sitt andre studioalbum ”Simian Vices Modern Devices” festar Heroes & Zeros eit beinhardt grep om den norske rocketrona. Trioen frå Lillesand er eit steinbra liveband som evnar å drage konsertpublikum med inn i sitt musikalske rockeunivers. Bandet er eit av Noregs mest målbevisste band – mørkt og mektig – perfekt for kickoffkonserten i Gymmen!

www.myspace.com/heroeszeros      www.heroesandzeros.no

RAZIKA
Indieskapunk
Jentebandet Razika frå Bergen er ein av årets heitaste platedebutantar. Dei 18 år gamle jentene lagar spenstig skapop, med tekstar på norsk og engelsk. Bandet er tydeleg inspirert av 60-tals pop og moderne indie. Bandet har opparbeida seg bra med konserterfaring det siste året, og før jul var dei med i urørtduellen. Debutalbumet ”Program 91” kjem ut i april til store forventningar. Singelen ”Vondt I Hjertet” er allereie mykje spelt på radio, og viser kor irriterande fengande tennåringsjentene kan vere. Vi gler oss veldig til at lyden av sommaren 2011 spelar i Gymmen i lag med Heroes & Zeros.
www.nrk.no/urort/Artist/Razika/default.aspx     www.myspace.com/razika




Gymmen Scene og Studio

Nordfjords nye heilårs rockescene og aktivitetshus med øvingsrom og studio i kjellaren!

KVA SKJER?

mai 2012
m ty o to f l s
« Okt    
 123456
78910111213
14151617181920
21222324252627
28293031  

Skriv inn e-postadressa di for å abbonnere på denne bloggen og motta oppdateringar frå Gymmen på e-post

Join 7 other followers


Følg

Få alle nye innlegg levert til Innboksen din.