(Artikkel i Fjordabladet tysdag 20. september, av Maria Hjelle)
Både arrangørar og delegatar var svært nøgde med Blest, den første musikkbransjetreffen i Sogn og Fjordane.
I helga har over hundre artistar, produsentar og arrangørar frå musikkbransjen i Sogn og Fjordane vore samla til Blest i Operahuset og Gymmen. Brak og Malakoff Rockfestival sto bak arrangementet, som var det første i sitt slag i fylket. Dei konkluderer med at bransjetreffen var ein suksess.

FORNØGDE ARRANGØRAR: Frå venstre Malakoff-general Arnt-Ivar Naustdal, Operahussjef Geir Holmen, dagleg leiar i Brak Jørgen Skauge, prosjektleiar for Brak i Sogn og Fjordane Stig Ese Eliassen og informasjonskonsulent i Brak Martin Kvam. (Foto: Maria Hjelle, Fjordabladet)
– Vi skulle skape ein møteplass for musikkbransjen i fylket, og det har vi gjort. Det vi såg var at veldig mange av aktørane i Sogn og Fjordane til dømes ikkje reiste til by:Larm. Dei er ikkje van med å dra på den slags møteplassar, og dermed var vi veldig spente på dette. Men det har gått over all forventning, meiner daglig leiar i Brak, Jørgen Skauge.
– Det er over hundre delegatar, og alle delar av bransjen er godt representert, både artistar, produsentar og arrangørar. Folk har vore veldig positive i tilbakemeldingane. Det vi får høyre er at dette er eit smart arrangement, ein bra greie, ein god idé. Det vi seier til dei, er at vi skaffar møteplassen, men innhaldet er det dei sjølve som bestemmer. Og det verkar som om folk spelar på lag. Vi høyrer at folk snakkar saman, at det er nye konstellasjonar på gong, seier prosjektleiar for Brak i Sogn og Fjordane Stig Ese Eliassen.
Meir samarbeid
Malakoff-general Arnt-Ivar Naustdal er einig med medarrangør Brak om at det er bransjen sjølv som må ta tak i mogelegheitene.
– Dette er eit kjempebra og viktig initiativ i forhold til å ta tak i dei utfordringane som ein har i det geografisk splitta fylket vårt. Men ein må ta tak i ting sjølv, også. Ein kan ikkje sitje på gjerdet og klage over at det er så vanskeleg å få noko til. Du kan ikkje forvente å kome til duk og dekka bord, det fungerer ikkje slik. Som artist må du gjere ein jobb sjølv, og vise at du har litt engasjement. Når det er sagt, så kunne vi arrangørar gjerne samarbeide i større grad, og koordinere slik at det blir lettare å legge opp turnear. Det håpar eg vi kan få til etter dette, seier Naustdal.
I tillegg til konsertar i Gymmen, har Blest hatt Masterclass Studio for teknikarar og produsentar, og ei rekkje føredrag og seminar. På programmet var mellom anna profilbygging, digital distribusjon, søknadsskriving og sosiale medier, alle tema mynta på artistane. Beskjeden til artistane er eintydig. Dei må ta meir ansvar for eigen karriere.
– Dette vil vi absolutt gjenta. Det er ikkje avgjort om vi skal arrangere på same staden eller flytte på det, men det er definitivt noko vi skal gjere igjen, fastslår Jørgen Skauge.
– Flott sjanse
Arvandor var blant artistane som var med på Blest. Dei er ikkje i tvil om kva dei meiner om initiativet. – Eit supert arrangement, og ein flott sjanse for bandet vårt, fastslår jentene.
Marianne Rønneseth, Irmelin Fimreite, Kristianne Gimmestad Gule og Anette Lekva frå Sogn og Sandane utgjer gruppa Arvandor, som spelte på Blest fredag. Dei vil gjerne spele fleire konsertar, og draumen er å gje ut plate.
– Har de som artistar hatt utbytte av Blest?
– Ja, absolutt. Vi har ikkje fått handfaste avtaler, men vi har knytt litt kontaktar og blitt meir kjent med folk i miljøet, og det er veldig positivt. Vi har vel fått litt meir oversikt over kva som fins av mogelegheiter, meiner Kristianne.
– Det har vore veldig kjekt å få høve til å gå på seminar og lære meir om dette, og ikkje minst sjå og treffe andre i bransjen. Vi kryssar fingrane for at det held fram og blir tradisjon, seier Marianne.
– Program og opplegg var veldig bra, og det er ein bra måte å skaffe seg kontaktar på, fastslår Anette.
– Konserten var sjølvsagt eit høgdepunkt. Det var så kjekt, og publikum var skikkeleg med. Det er så kjekt å få respons, seier Kristianne, og får støtte frå resten av bandet.
Styling og foto

BANDFOTO: Anette Lekva , Marianne Rønneseth, Kristianne Gimmestad Gule og Irmelin Fimreite i Arvandor tok med glede imot Blest-tilbodet om bandfoto, og poserte villig for Tommy Bredesen og Øystein Torheim. (Foto: Maria Hjelle, Fjordabladet)
Alle artistane som spelte på Blest fekk tilbod om styling og proff fotografering. Dei fleste takka ja, også dei fire jentene i Arvandor. Dei kledde seg opp og var velvillig med på alt fotografane føreslo.
– Det var eit fantastisk tilbod. Kjempebra opplegg, med sminke og hår og full pakke. Eg har aldri blitt sminka før, så dette var artig, smiler Anette. – Flott å ha skikkelige bilete å sende ut til presse, òg, meiner Kristianne.
– Vil de kome tilbake dersom det blir Blest neste år?
– Ja, absolutt! svarar Irmelin raskt.
– Vi er vel einige om a vi vil søke igjen til neste år, ja, seier Marianne.
– Og vi håpar vi får mange spelejobbar i mellomtida , smiler Anette.
0 Svar til ““Blest ein Brak-suksess””