Torsdag 17. november i Gymmen
Dette vert ein av dei mest spennande konsertkveldane som vi har hatt i Gymmen Scene. Vi presenterer to band som verkeleg vil vise seg fram på dei norske og internasjonale konsertscenene i tida framover. Ta turen innom Gymmen på torsdag 17. november og få ei kjempeflott konsertoppleving.
Dørene opnar kl 20.30, Carnival Kids kl 21:00-21:30, Eye Emma Jedi kl 22:00-23:00
Billettpris: 120 kr (+ 5 kr avgift) Kjøp billettar på www.operahuset.no
15 års aldersgrense, eige barområde til dei over 18 år
EYE EMMA JEDI
”Akkurat no framstår dei som det desidert største og mest lovande bandet av sitt slag her i landet” – Sitat frå NRK Lydverket etter Eye Emma Jedi sin fullstappa suksesskonsert på Øyafestivalen 2011.
Eye Emma Jedi har gjort alt annleis. Utan å ha spelt ein einaste konsert fekk dei platekontrakt, bookingavtale, sponsorar (Vans/Quicksilver) og sine to første konsertar på sjølvaste Malakoff Rockfestival og Øyafestivalen – to festivalar som for fyrste gong booka eit band utan å ha sett eller høyrt dei live. NRK Lydverket var først ut med å presentere Eye Emma Jedi, og ryktene fortel at dei aldri har fått så mykje tilbakemeldingar på ein artist. Deira første single ”Crucified” gjekk rett inn på B-lista på P3, fulgt opp av den store hit’en ”Lights” i mars, som blei A-lista og vart spelt på P3 med svært god rotasjon gjennom heile sommaren. Saman med denne låta kom også eit populært musikkvideospel. Både Nasjonalgalleriet (NRK) og VGTV fatta interesse for spelet som til no har vore spelt av fleire tusen på nett. (www.eyeemmajedi.com)
Eye Emma Jedi spelar kun eit knippe konsertar i Noreg før jul, og kan skryte av to utselde konsertar i Trondheim og eit kokande Mono i Oslo tidligare i haust. Etter konserten i Eid går turen vidare til Bergen og Stavanger, og den svært etterlengta EP’en kjem i starten av 2012. Om ein skal tru på jungeltelegrafen så er ein ny singel med svært høg allsangfaktor rett rundt hjørnet også… Gled dykk!
Sjekk ut EEJ på Facebook
Kveldens support: CARNIVAL KIDS
Carnival Kids er ein fusjon av norske og britiske krefter som saman er med på å skape urokkelig dynamikk, komplekse rytmar og himmelske melodiar med en god dose hardcore raseri. Då Jethro Fox, Eric Molumby, Andreas Westhagen og John Stark traff kvarandre i Liverpool hausten 2010 ble resultatet Carnival Kids. Dei har alt gjeve ut to EPer, fulle av gnistrande rock&roll. Carnival Kids har klart å lage ei kompromisslaus blanding av endelause riff knytt saman av en rytmeseksjon som er både metronomisk og fengande.
Sjekk ut CK på Facebook
0 Svar til “Malakoff 2012 presenterer: Eye Emma Jedi (NO/UK) og Carnival Kids (NO/UK)”